Se alle hendelser
Epost@visen holder til på Geilo, fjellbygda som har mye å by på. Finn ut mer om Geilo:
 
Turleiarkurs i Hallingdal 22. - 23. september
Den Norske Turistforening arrangerer grunnleggjande turleiarkurs i dalen.
 
Er du glad i å ferdast i skog og mark og har lyst til å vidareformidle denne gleda til andre? Då kan nok Turistforeningens turleiarkurs vera noko for deg.
 
Den Norske Turistforening utdannar eigne turleiarar. Turleiarrutdanninga skal gjere deg i stand til å leie turar for DNT og gje ein einskapeleg basiskompetanse som sikrar tryggleik og trivsel for turdeltakarane, samt stimulere til å drive eit enkelt, aktivt, trygt og miljøvennleg friluftsliv i tråd med norsk friluftslivstradisjon. Dette melder Ål kommune.
 
DNT sin turleiarutdanning er bygd opp av 4 modular. Kurset 22.-23. september er modul 1+2: Grunnleggjande turleiarkurs.
Etter endt grunnleggjande turleiarkurs skal deltakarane ha:
 
• God praktisk og teoretisk kunnskap om turleiing.
• God generell turkunnskap.
• God kunnskap om turutstyr, turbekledning og mat/drikke på tur.
• Grunnleggjande orienteringsferdigheter.
 
Når ein er ferdig med kurset, er ein godkjent turleiar for turar i nærmiljøet som i hovedsak går på vegar og stigar. Då kan ein også gå vidare med sommarturleiarkurs i DNT sitt turlederstige.
 
Ein kan lesa meir om dei andre modulane på DNTs heimesider www.turistforeningen.no/turleder
Denne gongen held dei kurs både for dei som skal vera aktivitetsleiarar i Barnas Turlag, og dei som skal vera turleiarar for deira øvrige turar og aktiviteter. Det er kursavgift, men dei som i etterkant vert turleiarar og leier minst 3 turar, får refundert kursavgifta ved førespurnad.
 
Ansvarlig redaktør: Knut Erik Hallingstad tlf : 32093804
Regnskap og adm : Morten Mastrup tlf : 98854384
Adresse: Epostavisen DA, v/Morten Mastrup,
Gamle Skurdalsvei, 3580 Geilo
Epost: post@epostavisen.no
Copyright 1999-2011 Epostavisen DA Org.nr : 989310704
Nettststeder og hjemmesider som vil legge en link
fra sine nettsider til epost@visen kan gjøre dette
under forutsetning at epost@visens sider åpnes i eget vindu.