Framleis stengde fjellovergangar

Restane av uvêret sundag setter spor på fjellovergangane i Sør-Noreg. Sundag varsla meteorologane opp mot 70 cm snø enkelte stader, med Agder og område vest og sør i Telemark som dei mest utsette områda.

– Det har vore ei vanskeleg helg, med mykje dårleg vêr og mange stengde vegar. No opna nettopp Hardangervidda for fri ferdsel. Viss vêret vert som meldt, blir det fine forhold utover måndagen, seier trafikkoperatør Idar Sangolt i Statens vegvesen til NRK like over klokka 06.

Les saken i NRK Hordaland