4 av 10 utrykkingsleiarar manglar utdanning

Nesten 40 prosent av utrykkingsleiarane som jobbar deltid i brannvesenet manglar obligatorisk utdanning.

– Alt for dårleg og ein fare for branntryggleiken, seier fungerande avdelingsdirektør Hans Kristian Madsen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Allereie i 2001 kom den såkalla dimensjoneringsforskriften, som stiller krav til kva utdanning brannmannskap i Norge må ha. 16 år seinare er det framleis store manglar.

Les saken i NRK Sogn