Det første vestnorske bispedømet omfatta Hallingdal

Det var Olav Kyrre (konge 1067-93) som ifølgje sagaen oppretta dei første bispeseta i Noreg, og då truleg tidleg i styringstida si: Eit vestnorsk med utgangspunkt i Gulatingsområdet og med bispesete på Selja, eit over Frostatingsområdet med bispesete i Nidaros og eit over Borga- og Eidsivatingsområdet med bispesete i Oslo.

Det første vestnorske bispedømet omfatta eit stort geografisk område. Bispedømet strekte seg frå Agder i sør til Sunnmøre i nord, og omfatta dessutan delar av Valdres og Hallingdal i aust.

Les saken til Førsteamanuensis og kurator ved mellomaldersamlinga ved kulturhistorisk avdeling, Universitetsmuseet i Bergen i BT