Her er skuleguten berre sekund frå å bli påkøyrd ved Gol

– Då eg såg kva som var i ferd med å skje vart eg heilt heit i hovudet. Eg blinka med lysa og fløyta det eg kunne for å varsle møtande trafikk og ungane, seier sjåfør Tor- Bjørn Kyrkjebø.

Han køyrer for selskapet Transferd AS og den 19. juni i år var langtransportsjåføren frå Kyrkjebø i Høyanger på veg austover.

Ved Herad rett sør for Gol må han stogge bak ein buss. Fem born går av bussen. To av borna prøver å krysse den tungt trafikkerte vegen rett bak bussen, og ser ikkje semi-traileren som kjem imot i det andre køyrefeltet.

Se filmen og les artikkel i NRK Sogn