– Køyrer omveg med barn i bilen

Det regjeringa har sett av til tunnelsikring i år er på langt nær nok, seier brannsjef Reinhardt Sørensen i tunnelkommunen Aurland. Han køyrer ikkje fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol når han har små barn i bilen.

På denne vegen manglar det skikkeleg lys og ventilasjon i nokre av tunnelane. Brannsjefen meiner dei er så farlege at han køyrer ein omveg når han har med seg småbarn i bilen

Les saken i NRK Sogn