Nordfjella: Nytt program mot skrantesjuke (CWD) på villrein

4. september hadde programutvalet for å nedkjempe skrantesjuke i Nordfjella sitt fyrste møte. Utvalet skal utforme eit heilskapleg program for brakkleggingsperioden og reetablering av villrein i Nordfjella. Målsettinga er at vi om nokre år skal få tilbake ei frisk villreinstamme i Nordfjella (sone 1).

Den 8. mai 2018 inngikk Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet, og ordførarane i Ulvik, Aurland, Lærdal, Hemsedal, Ål og Hol ein intensjonsavtale om felles kamp mot skrantesjuka (CWD).

– Eg er svært nøgd med at vi har fått denne avtala på plass og ønsker utvalet lukke til i arbeidet med å utforme programmet, seier Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Les saken hos regjeringen