Prisen vi får er ein skam

No må leiinga i Nortura ta grep. Ein skulle knapt tru det var sant når avrekningsprisen på sau no er 2-3 kroner per kilo. Det er ei stor skam, skriv sauebonde Ivar Slettemoen.

Det er eit resultat av forsøming, likegyldigheit og mangel på innovasjon. Når bøndene i Irland i skrivande stund får 28 kroner kiloen for sauen, og bøndene i Australia får det tidoble av oss per kilo, det vil seie 20-25 kroner, viser det med all tydelegheit at noko er fundamentalt gale i bondens eigen organisasjon, Nortura.

Kronikk Nationen