Full utrykking til sykkelulukke på Rallarvegen

Naudetatane rykte i dag ut til ei ulukke på Rallarvegen mellom Myrdal og Vatnahalsen i Flåmsdalen i Aurland. Ei kvinne var uheldig og sklei på sykkel.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane opplyser til NRK at redningsmannskap raskt rykte ut til ulukkesstaden.

– Vi fekk melding om ei sykkelulykke nær Myrdal stasjon, og den første meldinga verka dramatisk. Så vi køyrde ut alt tilgjengeleg mannskap, og på eit tidspunkt var også ei alpin redningsgruppe på veg. Heldigvis viste det seg at det ikkje var så dramatisk som vi først trudde, seier Dan Inge Gjesdal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Les saken i NRK Sogn