Bøkko med imponerande testresultat: – Har aldri sett betre

Hege Bøkko imponerer den nye landslagstrenaren. Ho testar nemleg betre enn fleire av gutane på laget.

Det er spesielt på wingate-testen – ein test som måler fysisk kapasitet på ein stasjonær sykkel – at Bøkko leverer. 11 kilowatt per kilo i snitt er ikkje minst imponerande for ei kvinne.

– Eg har aldri sett nokon med høgare resultat enn det. Men ho kan klare meir, seier Bjarne Rykkje.

Les saken i NRK