Månadsrekord på Geiterygghytta

Besøksstatistikken frå Den Norske Turistforening, DNT, viser at aldri før har så mange gjester overnatta på Geiterygghytta i juli. I  jubileumsåret 2018 overnatta 2364 vandrarar på Geiterygghytta. Dette er ei auke på 56,5 % frå 2017.

Me har hatt hektiske dagar, fortel verten John Wøllo. Det fine sommarveret bidreg til god stemning og glade gjester, og det er ikkje kvar sommar me kan melde om 20 grader badevatn på 1224 moh i
Skarvheimen. På den travlaste dagen, den 24.juli, var det 161 overnattande inne på Geiterygghytta, i tillegg overnatta ein del i telt.

Aldri nokon gong har så mange budd på Geiterygghytta. Verten Marit Wøllo skyt inn at med så mange gjester går det i overkant av 40 brød til frukost. Brøda på Geiterygghytta rekk ikkje å bli gamle.

Vertskapet opplever også ei auke i antalet gjester som går dagstur frå fylkesvegen.

DNT Oslo og Omegn rapporterer om ein generell trafikkvekst på sine betente hytter med ei auke på 8,8 % frå i fjor.

Foto: Marit Wøllo