Skal vere best i landet på brotskadar
Når det kokar som verst i skisenteret i Hemsedal kan legevakta få inn opp mot 100 skadde skituristar. Derfor har dei bestemt seg på å bli best i landet på brotskadar.
– Det kjem inn ei skulder her, ei hofte er på veg og nå skal me hente eit kne oppi bakken.
Ambulansearbeidarane gjev beskjed til kommuneoverlege Camilla Underland i det dei er på full fart mot skisenteret igjen.